10 elevar frå Bokn skule og Petra fritidsklubb deltek på filmkurs i regi av Haugaland Vekst, Genisis film og prosjektet Filmtalenter Haugesundregionen - fra lek til levevei.
Innsamla beløp blei heile kr 28.158. Takk til alle som tok del, eit resultat alle kan vere svært godt nøgde med.
04.10.09 kl. 10:21
Eiga fagside for Kystkulturveka 2009
Les meir om Kystkulturveka under menypunktet Fagsider
Hugs passord :)
29.09.09 kl. 21:56
Kystkulturdagar
I løpet av veka skal alle vere ute ein,eller fleire av dagane. Det er då viktig at føresette hjelper elevane med å hugse på gode og varme klede. Regnklede er lurt sjølv om det ikkje skulle regne på morgonen.
Ta med fiskestang til Vatnalandsvatnet.
29.09.09 kl. 10:25
Kystykulturveke på Bokn skule
Elevane skal denne veka bli meir kjende med ny og gammal kystkultur i kommunen vår. Me oppmodar føresette til å ta ein ekstra god kikk på vekeplanane, sidan dei inneheld ein del informasjon om aktivitetar og nødvendig utstyr for å delta på aktivitetane.
For dei aller fleste er dagen då muren i Berlin blei opna symbolet på byrjinga på slutten for den kalde krigen. Elevane våre er trekt ut som ein av 12 norske skular til å dekorere ein stein som skal vere med i 20- årsmarkeringa i Berlin. Nytt: Innslag NRK
Kulturskulen sender no ut påmeldingsskjema med svarfrist måndag 24. aug. Du finn brevet her
Tilbodet gjeld alle som bur i Bokn, uansett alder.
09.08.09 kl. 12:22
Nytt informasjonsblad til heimane
Bladet for mars-april har mellom anna informasjon om forsikring, innskriving til 1. klasse, påmelding til SFO og busskort, for å nevne noko
02.04.09 kl. 10:08
Søknad om plass i SFO skuleåret 2009/10
Søknadsfristen er 10. mai 2009.
Søknadsskjema med iformasjonsbrev, prisar og vedtekter ligg på nettsida til SFO og blir sendt 1. - 4. klasse-heimane før påske.
Eigenbetalinga er uendra sjølv om opphaldstida er auka ørlite på onsdagar.
28.03.09 kl. 07:17
Nye reglar for utleige i skulebygget
Frå 1. april gjeld nye utleigereglar for skulebygget. Dei nye reglane får du på skulekontoret. Dei faste leigetakarane vil få brev om endringane.
Skal du leige rom kontaktar du bare Annette Bokneberg på skulekontoret. Ho hjelper deg med resten.
28.03.09 kl. 07:36
Nytt informasjonsblad til heimane
Informasjonsbladet har bl.a. informasjon om foreldreundersøkinga 2009 på nettet, med eit unikt brukarnamn til kvar familie. Vi oppfordrar foreldra til å bruke dette høvet til å seie meininga si.
Dei som treng assistanse kan vende seg til skulekontoret.